
Enno ei gong står installering på menyen.
Denne gonga er det Skolelinux me skal installera på heile Linuxlaben. Me har fått i oppdrag å late som om me installerer på til dømes ein ungdomsskule.
Først laga me ei liste over all maskinvare og det som trengs for å installere Skolelinux:
- 15 datamaskiner med nettverkskort, minst ein med to nettverkskort (til å bruke som tjenar).
- Svitsj (ar).
- Nok kablar.
- Internettilgang.
- InstallasjonsCD for skolelinux.
Laga fleire versjonar av nettverkskart. Valde å ikkje sette opp brannmur i første omgang, så lot nettverkstilgangen gå gjennom den eine tjenaren og vidare inn i svitsjen.
Bestemte at me skulle ha 2 serverar, 2 svitsjar og 13 klientar. Me valde å installera nokon maskiner som tynne klientar, nokon som halvtjukke klientar, nokon som arbeidsstasjoner, og ein som windowsmaskin.
- Tynn klient (bootar frå nettverket. Treng ikkje ha disk eller minne).
- Tjukk klient (brukar litt av hardware, men synkroniserer mot server. Vanskelig å få til å fungere)
- Arbeidsstasjonar (tjukke)
Sjølve tenarinstallasjonen vart gjort på storskjerm, slik at alle fekk ‘vera med’:
- Gjekk på skolelinux.no, lasta ned ein nettinstallasjon og brente den ut på CD. Sette den i og starta installasjonen. Fekk opp fleire val.
- Val av språk – norsk!
- Val av nettverkskort som skulle gå mot Internett. (Eth0)
- Fekk IP
- Val av Debian-Edu-profil (her valde me hovedtenar og tynnklienttenar) – Skolelinux kan ha ein og berre ein hovedtenar.
- Automatisk partisjonering – ja
- Delta i pakkebrukskartleggingen – nei (noko statistikkgreier)
- Sette rootpassord
- Valde å bruke norske pakker
- Sette opp pakkebehandlaren – Gjorde ikkje noko her (treng ikkje mellomtenar (proxy) her)
- kopla opp mot ein Debianserver (norsk mirror) og henta pakker. (Det som ligg på CDen er kun drivarar ol for å koma på nett.)
- Installerte oppstartsystemet med GRUB-loader.
- Fullførte installasjonen.
- Logga inn med brukarnavn og passord som me laga tidlegare.
Kommandoar for å finne informasjon i terminalvindauget:
uname -a info om kjernen
apt -cache search kernel-image | grep smp
free finner ledig minne
cat proc/cpuinfo info om hardware (all hw-info fins i proc-katalogen)
cat proc/meminfo info om minne
ps uax info om alle prosessar
fdisk -l info om diskar og partisjonar
ifconfig info om nettverkskort/nettaccess
df -h finne ut om me har nok plass til å installere
etc/init.d/ script for å starte og stoppe prosessar
etc/init.d/networking start restartar nettverkskortet
For å aktivere DHCP-serveren:
Ta vekk kommenteringa her: vi /etc/network/interfaces
For å leggje til tynne klientar:
Legge til MACadresser i dhcpd.conf (vi /etc/dhcp3/dhcpd.conf)
Stoppe og starte serveren(etc/dhcp3 server stop, etc/dhcp3 server start)
Sette opp brukarar slik at det går an å logge seg på frå tynn klient.
Boote tynne klientar frå nett (trykke F12 før men kjem inn i boot-sekvensen)

Fekk til slutt eit par tynne klientar opp og gå, men måtte justere skjermoppløysinga sidan denne var feil.
13 november, 2008. Uncategorized. .
Eg skulle ynskja det fanst eit pakkehandteringssystem for jole- og bursdagspakker, men det er vel å håpa på litt for mykje. I mange familiar heiter vel slike system “mor”, så då slepp eg vel ikkje unna i år heller. Nei ein skulle vore ein Linuxdistribusjon som Mandriva, som brukar RedHat sitt pakkehandteringssystem, rpm.
I byrjinga styrte me litt med å finne dokumentasjon på korleis ein finn pakkeinformasjon i shell, men me fann til slutt det me leita etter i “man rpm” og på linuxguiden.no
For å vise alle pakker som er installert på maskinen må ein finna fram kommandolinja og skrive “rpm -qa”, der rpm er pakkehandteringsystemet, -q seier at dette er ei spørring, og a seier at alle pakker skal hentast. Dersom ein leitar etter ei spesiell pakke, skriv ein “rpm -q pakkenavn”.
Andre kommandoar finn ein i “rpm man”, til dømes:
-i Installere pakke
-U Oppgradere pakke
–erase Slette pakke
Dersom ein kombinerer fleire kommandoar med -q kan ein gjere avanserte søk, for eksempel:
-q Spørring
-p Spør på ei fil
-l List opp filer
-i Informasjon om ei pakke
Dersom ein ikkje er fortruleg med kommandolinje kan ein i Mandriva bruke den innebygde pakkehandteraren med grafisk grensesnitt (hugsar ikkje kva den heiter nett no) som ligg i “Kontrollsenter”. Der får ein ei grei oversikt over alle pakker som er installerte på systemet, og det er lett å endre/leggje til nye pakker.
Eg har ikkje prøvd å lage pakker sjølv, men eg har veldig lyst å prøva. Dei som faktisk har gjort eit forsøk har litt ulik erfaring, men dei fleste har funne det ein smule vanskeleg. Dette kan vera fordi det fins mange ulike distribusjonar og pakketypar, og (nesten) alle må handterast på forskjellige måtar.
Installasjon av Apache 2.2.9
For å få litt meir innsyn i pakker og pakkehandtering fekk me i oppdrag å installere Apache Webserver 2.2.9 frå kjeldekode i staden for å bruke ein binær distribusjon. Fordelen med å installere frå kjeldekode er at ein då får tilgang til siste versjonane, medan det som er tilgjengeleg som pakker er eldre versjonar. Ein kan også kompilere til den maskinvarearkitekturen ein vil, utan å vera avhengig av at andre har laga klar pakker på førehand.
For å installere med kjeldekode må ein først finne ut kva applikasjon/funksjon ein vil ha, og så laste ned kjeldekoden. I vårt tilfelle gjekk me til http://httpd.apache.org/ og lasta ned Apache 2.2.9 som var pakka i fila http-2.2.9.tar.gz . Når fila var lasta ned kunne me så gå i kommandolinje og pakke ut ved å skrive “tar xvfz http-2.2.9.tar.gz”. Desse kryptiske kommandoane betyr noko slikt som:
tar pakkesystem/arkiv
gz komprimering
x pakker ut filer frå arkivet
v lister alle filer
f brukar arkivfila
z filtrerer fila gjennom gzip
Når dette er gjort skriv ein “./configure –prefix”, der prefix er målmappa det skal installerast i. Då blir det sjekka om alt som trengs til installasjonen er på plass. I såfall blir det laga ei fil med alle spesifikasjonane.
Når me prøvde å gjera dette fekk me feilmeldingar om at det ikkje var installert nokon kompilator, så me måtte installere gcc før me kunne fortsetja.
Vidare skreiv me “make”. Dette er eit verktøy som set i gang kompileringa (med gcc hjå oss), og til dette bruker spesifikasjonsfila me laga med “configure”. Den lagrar alt til ei temporær fil, og når me så skriv “make install”, installerer den alt i rett mappe og sletter den temporære fila.
Dersom ein klarar å komme seg så langt utan feilmeldingar, kan ein forsøke å starte Apache ved å skrive “prefix/bin/apachectl start” (der prefix er den samme mappa som sist). Dersom det er vellykka, slik det var for oss, vil ein få opp ei nettside der det står “It Works”. Herleg!
Ein må forresten passe på å vera innlogga som root for å få tilgang til å gjera desse tinga. (su + passord).
Me kom aldri så langt at me fekk tilpassa Apache for eit spesielt programmeringsspråk, så det får me ha til ei anna gong.
Kjelder:
http://learn.clemsonlinux.org/wiki/Mandrake:Package_management
http://www.linuxguiden.no/index.php/Rpm
http://www.rpm.org/max-rpm/rpm.8.html
http://www.petefreitag.com/tools/man-pages/tar.html
http://www.gnu.org/software/make/
26 september, 2008. Uncategorized. .

Det er alltid interessant å vera vekke frå forelesingar. Særleg når ein ikkje heilt klarar å hengje med etterpå, og samtidig har oppgåver som skal løysast. Då er det godt å ha gode medstudentar som kan gje små (les: store) hint i rett retning.. (Tusen takk!!)
Den eine oppgåva denne veka var å finne ut kor mange replikkar Horatio har i Shakespearestykket “Hamlet”. Eg fekk lasta ned fila hamlet.txt (som inneheld heile stykket) ved hjelp av wget, og kikka raskt i ho i vim for å sjå korleis Horatio sine replikkar byrjar. Fann ut at dei byrjar med “Hor.”, så då var det naturleg at det var dette eg måtte søkja etter. Men her var det slutt på det enkle og lettfattelege. Så sidan den store stygge hausten har lagt si klamme hånd over helsa mi denne veka, ba eg om hjelp vidare i oppgåva. Løysinga eg fekk forklart såg slik ut:
grep -ic ^”hor\.” hamlet.txt
grep: Søkefunksjon.
-i: ignore case. Det vil seia at det spelar inga rolle om det er store eller små bokstavar i søkestrengen.
c: count. Teljefunksjon.
^”hor\.”: regexp. Denne seier at linja skal byrje med “hor.”.
Resultatet viste seg å vera 110 linjer.
Til den andre oppgåva viste det seg at ein atter ei gong måtte skriva script. Det endte slik:
telle.sh
1. #!/bin/sh
2. lc=`cat $1 | tr ‘A-Z’ ‘a-z’`
3. for i in {a..z}
4. do
5. antal=`echo $lc | tr -dc $i | wc -c`
6. echo “$i: $antal”
7. done
For å køyre scriptet frå shell, skriv ein dette:
sh telle.sh hamlet.txt
Forsøk på forklaring:
1. Dette er eit bash-shell-script og må difor starte slik.
2. Denne linja formatterer all tekst til små bokstavar (lower case=lc), slik at det vert lettare å telja.
3. For-løkke som tek føre seg alle bokstavar frå a til z…
4. …så skal fylgjande gjerast:
5. -dc (delete & complement) tek ut kun éin bokstav. wc (wordcount) tel ord, og -c tek ut ein byte (eit teikn).
6. For kvar bokstav vert det skrive ut ei linje med bokstaven og kor mange gonger den finst i fila.
7. Avslutte for-løkka.
“The rest is silence”
-Hamlet, akt V, sene ii-
12 september, 2008. Uncategorized. .
Som så mykje anna var scripting heilt nytt og så godt som totalt ubegripeleg for ei stakkar IT-studinne i sine beste år. Det vart difor nødvendig å finne saman med likesinna – og nokon som faktisk visste kva dei gjorde! Og med litt kyndig veiledning og velvilje, sjøna me heldigvis litt.
Me hadde litt problem med å få scriptet til å virke når me tok med fullt navn, så for å få eit resultat som faktisk fungerte valde me kun å ta med brukarnavn og passord i denne omgang.
Scriptet me kom fram til var slik:
(Linjenummer er kun tekne med for å lette kommenteringa lenger nede)
adduser.sh
1. #!/bin/sh
2. while read line
3. do
4. brukarnamn=`echo $line | cut -d ‘,’ -f1`
5. passord=`echo $line | cut -d ‘,’ -f2 | mkpasswd -H md5 -s`
6. useradd -p $passord $brukarnamn
7. done < brukarar.txt
Sidan skriptet er skrive med påhalden penn, følest fylgjande forklaringar litt amputerte. (For dei som finn feil, er det berre å kommentera i veg
1. Denne linja seier at dette er eit shellscript som skal køyrast i Bourne eller bash shell.
2. Startar while-løkka og les ei linje om gongen frå brukarar.txt.
3. Det som skal utførast for kvar linje i brukarar.txt vert skrive mellom “do” og “done” i scriptet.
4. Hentar brukarnavnet frå brukarar.txt, og legg det inn i “brukarnavn”. Dette blir gjort ved å kutte kvar linje opp der det er komma (cut -d’,'). Sidan brukarnavnet står først i brukarar.txt brukar me -f1 for å hente ut det første leddet.
5. Hentar passordet på same måte som i linja over. Det må i tillegg krypterast for at det skal virka, så me brukar funksjonen mkpasswd. -H md5 -s er måten det skal krypterast på. -H er algoritmen TYPE, md5 er krypteringsnøkkel og -s står for standard input. Trur eg.
6. Her blir brukarnamn og passord lagt til ved hjelp av funksjonen useradd. -p legg til passordet.
7. Whileløkka vert avslutta når det ikkje er fleire linjer (brukarar) att i brukarar.txt
For å kunne teste scriptet fleire gonger, laga me eit slettescript også:
Slette.sh
#!/bin/sh
while read line
do
user=`echo $line | cut -d’,’ -f1`
userdel $user
done < $1
For å køyre dette scriptet må me senda med brukar.txt som parameter. Me skriv då inn sudo sh slette.sh brukarar.txt i shell. Fila brukarar.txt vert då lagt inn/brukt som parameteren $1 i scriptet.
I scriptet hentar me brukarnamnet (på same måte som i det forrige scriptet) og slettar dette. Då vil automatisk passordet bli sletta og. Whileløkka vert avslutta når $1 (i dette tilfellet brukarar.txt) ikkje har fleire linjer.
-Puh-
12 september, 2008. Uncategorized. .
Vi er eit tekstediteringsprogram for kommandolinje. Det har to modusar, normal modus der ein kan skrive kommandoar, og redigeringsmodus der ein kan skrive inn tekst. All redigering av tekst skjer via tastaturet, og det skal vera mogeleg å bruke det utan å bruke mus eller piltastar. På denne måten blir det effektivt i bruk – dersom ein har lært seg dei nødvendige kommandoane vel å merke.
Eg har sett meg inn i vim, som er ein utvida versjon av vi. Verken vi eller vim har menyar, men i vim er det mogeleg å bruke piltastar og mus. Eg skal derimot læra meg kommandoane, så framover blir det fokus på tastatur!

For å læra meg flest mogeleg kommandoar på minst mogeleg tid har eg laga meg eit ‘cheat sheet’ der eg har skrive ned
alle kommandoar eg har prøvd. Det er i grunnen lette kommandoar når ein prøver dei ut ein om gonga. Problemet kjem først når ein faktisk skal bruke dei til noko nyttig, som for eksempel skrive script. Då går i allefall eg litt surr i kva modus eg er i, og kva kommandoar som er lure å bruka. Men eg merkar allereie at det går betre og betre di meir eg prøver. Hurra!
Kjelder:
http://en.wikipedia.org/wiki/Vi
http://en.wikipedia.org/wiki/Wim
http://www.gentoo.org/doc/en/vi-guide.xml
5 september, 2008. Uncategorized. .
Det fins eit utal distribusjonar av Linux, og alle er ikkje like godt egna til alle oppgåver og alle brukarar. Det kan difor vera nyttig å orientere seg litt i den store jungelen av ulike Linuxdistribusjonar som fins der ute. Eg vil her ta for meg tre distribusjonar og gjere eit forsøk på å definere kven dei er gode for, og kvifor.
Skolelinux er basert på Debian og er, som navnet tilseier, laga spesielt for bruk i skulesamanheng (grunnskule og vidaregåande skule). Denne distribusjonen skal vera enkel å installere og bruke, og billig å drifte. Den er basert på tynne klientar som køyrer program gjennom nettverket frå ein tjenar. Skolelinux er utvikla med tanke på at alle skuleborn skal ha tilgang programvare på sitt eige morsmål (eks. nynorsk og samisk), og at dei skal ha tilgang til kjeldekoden.
DSL (Damn Small Linux) var i utgangspunktet eit forsøk for å sjå kor mange applikasjonar ein kan få på ein 50MB CD, og etter kvart vart det ein full Linuxdistribusjon. Den inneheld dei mest essensielle skrivebordsapplikasjonane, men dersom ein vil ha fleire program enn det som fylgjer med installasjonen (og du har plass), kan desse lastast ned og installerast som vanleg.
DSL kan vera nyttig dersom du treng ein liten distribusjon som du kan ta med deg på til dømes ein minnepenn.
Eg syns tanken bak denne distribusjonen er interessant, og det faktum at dei har klart å få til ein slik liten distribusjon er ganske stilig.
Mandriva er ein av Linuxdistribusjonane som passar godt for nybyrjarar. Den er svært enkel å installere, og har eit lettfatteleg brukargrensesnitt. For dei som er meir erfarne kan Mandriva tilpassast deira bruk.
Den kan ikkje installerast på veldig gamle maskiner fordi pakkene er bygde for i586-struktur eller nyare.
Sidan eg er nybyrjar sjølv, valde eg å installere denne distribusjonen på ein av skulen sine PCar. Eg gjekk på Mandriva si heimeside og lasta ned den første og beste fila eg såg (dvs den som skreik mest mot meg). Dette viste seg å vera Mandriva One. Sidan dette var ei .iso-fil, kunne eg skriva den rett til ein CD, og så boote PCen med denne. Fekk nokre enkle val (språk og tastatur osv), og så var det installert. Alt virka heilt fint og eg var imponert over kor lite som skulle til for å få installert denne distribusjonen. -Då oppdaga eg eit ikon på skrivebordet med navnet “Installer Live-CD”.
Sjølve installeringa gjekk også ganske greit. Det var stort sett å trykka på ‘neste’ heilt til installasjonen var ferdig.
Ein av grunnane til at Mandriva One var lett å installere, var truleg at eg kunne velja å installera ikkje-frie drivarar. Dette er ‘ikkje bra’ i eit fri programvareperspektiv, men sidan dette var eit første forsøk med Linux syns eg det var greit å sleppe å kave alt for mykje. Neste gong satsar eg på å prøve ein litt meir ukjend distribusjon som er litt vanskelegare å installere.
Kjelder:
http://no.wikipedia.org/wiki/Skolelinux
http://www.skolelinux.no/
http://mandriva.org/
http://damnsmalllinux.org/
http://en.wikipedia.org/wiki/Damn_Small_Linux
3 september, 2008. Uncategorized. .
Eg har sidan barneskulen hatt datakyndige menneske rundt meg. Menneske som alltid har vore eldre og klokare enn meg, og som studerte data på universitet i Storbritannia på byrjinga av 1990-talet. Menneske å sjå opp til.
Då eg var på besøk sat dei av og til på store datalabar og dreiv med mystiske ting som dei kalla ‘Linux’ og som eg, som var van med Windows 3.0, syns var heller uforståeleg. Det var jo berre tekst! Korleis visste dei kva dei skulle skriva? Nei, dette var nok kun for skikkelege datanerdar!
Når eg tenkjer meg om, så har nok dette sett sine spor i meg. Jaudå, eg har blitt fortalt at Linux er bra og at eg må prøve det sjølv. Og eg har vore einig. Eg bør prøve det sjølv og finne ut meir om kva det er for noko. Eg er då einig i at alle bør ha tilgang til programvare som ein kan endre og utvide etter behov, og til og med gje vidare utan å gjere noko ulovleg.
Fri programvare og open kjeldekode er flott, men samtidig litt skummelt. Eg har tenkt at ein dag, når eg er blitt litt flinkare, då skal eg óg snu Microsoft ryggen og berre bruke fri programvare. Kanskje i morgon eller til neste år. Her og no er det jo tryggast å bruke programvare eg kjenner frå før. Enkelte oppdateringar og nye versjonar har eg då vore borti, men trass i endringar har det likevel vore kjent.
-Tenk så skummelt å skulle installere noko ein ikkje føler seg trygg på, og så skjer det noko gale. Frykta for at PCen skal gå i stå og eg ikkje kan fikse det, har vore reell. Særleg når mine ‘frie’ heltar har flytta langt av garde.
Og kva med kvaliteten på dei frie programma? Ville eg vore nøgd med det som fanst? Ville eg sakna dei gode, gamle Windowsprogramma mine? Eller kankskje eg ville funne noko som kunne erstatte dei? Hadde eg berre hatt ei ekstra maskin å leike med, då kan det hende eg hadde våga.
Heldigvis for meg er eg blitt litt flinkare med åra og Linux og andre frie programvarer er blitt meir brukarvenlege. Kanskje er det på tide at eg legg frykta for det ukjende på hylla, og lagar meg ei Linuxmaskin eg og?
Kanskje eg endeleg vågar ta steget ut i den store ‘frie’ verda eg og…
29 august, 2008. Uncategorized. .